Emma (7) og Malin (11) Sveen fekk æra av å legge ned blomster ved minnebautaen over arbeidarane som omkom i gruvedrifta på Raudsand. Bestefar Kjell omkom i 1980, to år før gruva vart lagt ned.

Det var stor oppslutnad rundt årets 1. mai markering i Nesset som var lagt til gruvemuseet på Raudsand. Komitéen måtte setje inn ekstra stolar for å sitjeplassar nok til alle.

Tradisjonen tru opna markeringa med nedlegging av blomster ved minnesteinen over dei 11 arbeidarane som i gruva. Den første dødsulykka skjedde i 1937. Fram til drifta vart lagt ned mista 11 arbeidarar livet.

Solveig Hindhammer i gruvemuseet fortalte at ulykkene ramma bygda, og spesielt dei berørte familiane hardt. - Mange born mista far sin og mange foreldre mista sonen sin. Mange born fekk aldri vekse opp saman med far sin. Emma og Malin er mellom dei som aldri fekk oppleve bestefaren sin.

1. mai framleis aktuell

Leiar Tor Steinar Lien i Nesset Arbeiderparti og ordførarkandidat Toril Melheim Strand heldt appellar. Lien gjekk i strupen på ungdomspolitikarar i Framstegspartiet som vil avskaffe 1. mai som offentleg høgtidsdag.

- Dagen er meir aktuell enn nokon gong med det angrepet som regjeringa legg opp til på arbeidsmiljøloven, sa Lien.

Melheim Strand fulgte opp og meiner regjeringa riv ned viktige byggesteinar og vil innføre søndsagsopne butikkar i strid med det folk flest vil ha.

Melheim Strand sa ho gler seg over at ho er på veg tilbake til lokalpolitikken i Nesset igjen

- Eg håper vi får ei stor gruppe i kommunestyret, og vi vil gjerne komme i posisjon. Arbeiderpartiet er villig til å samarbeide med fleire parti for å få det til, sa Strand.

Ho fortsette: - I desse dagar er det 70 år sidan frigjevinga - sidan den siste krigen. Det er ei ekstra påminning om kor verdifull freden er, og kor heldige me er som får leve i eit nokså likestilt samfunn. Eit samfunn der det er små forskjellar på fattig og rik, der alle skal ha like muligheiter uansett bakgrunn, foreldra sin økonimi, kjønn, bustad og hudfarge. Eit arbeidsliv som byggjer på trepartsamarbeidet - arbeidstakar - arbeidsgjevar og stat - Dette er den norske/ nordiske modellen som har vist seg å vere den mest demokratiske og beste i verden. Men det gjer seg ikkje sjølv – det må vedlikehaldast og passast på!

1.mai-nåla er eit godt døme på det – ho er identisk med den som var i 1892 for 123 år sidan! Ho symboliserer kampsakene for arbeidsfolk den gong:

– retten til arbeid- -rett til fritid – 8-timars dag og rett til kvile.

- No er desse verdiane og rettigheitene som våre regjeringar gjennom 100 år har lagt på plass – stein for stein – lov for lov - under sterk press. Det er uforståeleg at dagens regjering vil rive ned mange viktige byggesteinar i vårt byggverk.

- Arbeidsmiljølova blir svekka – allereie frå 1. juli opnar for 12 månader. Midlertidig tilsetting er sterkt imot! Når Jonas og co kjem i regjering i  I 2017 blir det nok den første lova som var reint midlertidig.

- Søndagsopne butikkar – det er vel snart alle imot – så nær som dei aller mest ihuga H/FrP-tilhengjarane. Nei – Ap og fagbevegelsen seier nei til søndagsopne butikkar og det å sette shopping/handel kvar dag som den viktigaste. Vi seier heller ja til frivilligheita og folk sin rett til kvile og fritid – til å ta med barna på skirenn, på fjelltur, på musikkstemne – ja kort og godt ha eit fellesskap i velferdssamfunnet vårt.

- Folk likar ikkje det dei ser

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal var hovudtalar både på Sunndalsøra og på Raudsand. Han roste både ordførar Ståle Refstie i Sunndal og ordførarkandidat Toril Melheim Strand i Nesset. Sunndal kjemiske med Eivind Torvik i spissen fekk og ros under talen i Sunndal for å ha stått hardt på for å få gjenopna SU3.

Regjeringas endringar i arbeidsmiljølova var hovudtemaet til Bjørdal både i Sunndal og Nesset. Han viste til den store oppslutnaden rundt vinterens streik mot endringane, utan at det fekk regjeringa til å snu.

- Det skin gjennom frå regjeringa at dei meiner streiken ikkje har legitimitet. At folk ikkje forstår kvifor dei streikar. Hadde dei berre forstått sitt eige beste, så hadde dei omfamna politikken. Denne type ovanfrå-og-ned-arroganse er blitt forsøkt eit heilt år, utan hell. Problemet er ikkje at regjeringa ikkje har kommunisert godt nok, eller at folk ikkje forstår. Problemet er at folk forstår. Og at dei ikkje likar det dei ser.

- Arbeidsmiljølova  har som funksjon å setje grenser. Ho skal hindre at tilsette blir utnytta og drivne rovdrift på, og syte for at arbeidet er helsefremjande.  I tillegg til å vere fundamentet i reguleringa av arbeidslivet, er ho også ei av våre aller viktigaste folkehelselovar.  Sidan ho vart vedteken i 1977 har ho blitt endra mange gongar, ofte etter forslag frå Arbeidarpartiet. Vi vil òg i framtida støtte fornuftige endringar og tilpassingar i arbeidsmiljølova når partane er samde om det. Lovverket skal vere tilpassa arbeidslivet, og skal opne for dispensasjonar der sunn fornuft tilseier det.

- Arbeidsmiljølova har mykje fleksibilitet, ein fleksibilitet som bevisst blir underkommunisert av dei borgarlege partia. Lova er moderne, dynamisk,  og er med på å gje Noreg viktige konkurransefortrinn, gjennom høg produktivitet, høg sysselsetting og stor omstillingsevne.

-  Skilnaden på Arbeidarpartiet og regjeringa er at vi ikkje ønskjer å svekke makta til vanlege arbeidsfolk og gje det organiserte arbeidslivet dårlegare vilkår. Vi vil ikkje at arbeidstakarar skal kunne bli pålagde arbeid på kveld og helg mot deira vilje og få mindre overtidsbetaling. Vi vil ikkje at fleire skal bli låste inn i den utryggleiken midlertidige tilsetjingar inneber. Meir kveld- og helgejobbing, lengre dagar og meir midlertidigheit er ikkje oppmjukingar, men innstrammingar for arbeidstakarane. Vi vil ikkje ha ei arbeidsmiljølov som berre passar for dei friske og raske, og dei som kan utføre arbeidet sitt med iPaden frå sofakroken, sa Bjørdal - som lovprisa samarbeidet mellom Arbeiderpartiet og LO.