I Møre og Romsdal er berre 43 kvadratkilometer med verdifulle skogområde verna, noko som er godt under landsgjennomsnittet. No vil stadig fleire verne skogen sin frivillig, melder NRK Møre og Romsdal.

Spesielt attraktivt for mange er det å tilby skogen til naturreservat.

– Det er klart, når det er frivillig skogvern, så avgjer nesten skogeigarane sjølve kva dei vil ha i erstatning. Og erstatninga dei får er så unik at dei slepp å betale inntektsskatt.

Det fortel rådgjevar i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Kjell Lyse.