Det var den 20. januar i år at Svein A. Strand (52) frå Sunndal omkom i ei paragliderulykke i Ålvundfjord. Han tok av frå fjellet Vardhaugen, men landa hardt i bakken på ei fjellhylle. I etterkant klaga han over store smerter i ryggen. Etter det politiet sa til pressen skulle han ha ramla mellom 20 og 40 meter før han landa. Klokka 14.38 vart oppdraget med å redde mannen starta. Mannen vart henta ut med luftambulanse klokka 16.20, etter å ha vore erklæra død.

– Upresis informasjon

Tekst.u.innrykk: I etterkant kjem det kritikk mot AMK-sentralen. Det var Statens helsetilsyn som sette krav om utgreiing frå St. Olavs Hospital. Her kjem det fram manglar i prosedyrane i redningsarbeidet. «Feilvurdering» og «store tidstap» er ord som vert nytta om redningsaksjonen. AMK-sentralane får kritikk for at koordinering av luftambulanse ikkje har vore god nok, og at det har vore upresis og mangelfull informasjon undervegs i aksjonen.

Tekst.u.innrykk: Gudbrandsdølen Dagningen har omtala saka om kritikken. NRK hadde og omtale i helga. NRK skriv at tre AMK-sentralar var inne i bildet i redningsaksjonen; ein frå Helse Sør-Aust og to frå Helse Midt-Noreg. Det er dei to sistnemnde som får kritikken.

Tok for lang tid

Tekst.u.innrykk: Det vert peika på at mannen kunne ha vore hente ut tidlegare, av di at ein luftambulanse berre var ti minutt unna, på Dombås, men dårleg kommunikasjon gjorde at luftambulansen ikkje var til stades før etter ein og ein halv time. Det aktuelle helikopteret hadde ein pasient om bord, men analysen seier at denne pasienten kunne ha vore flytta over i ein vanleg ambulanse då det ikkje var alvorlege skadar det var snakk om. Helikopteret fekk i staden melding om at dei skulle levere pasienten i Ålesund før dei sette kursen mot Ålvundfjord, dermed tok det lang tid før ambulansen kom til Ålvundfjord. Mannen vart erklæra død då helikopteret var på plass. Også eit anna helikopter frå hovudsentralen på Sola kunne ha reist til Ålvundfjord, men dette oppdraget vart aldri sett i verk. Helsetilsynet meiner utfallet av ulykka kunne ha vorte annleis

– Hendinga var alvorleg ettersom det dreiar seg om eit dødsfall der svikt i helsetenesta kan ha vore medverkande til utfallet, seier Helsetilsynet, skriv NRK.no

Skal hindre ny svikt

Tekst.u.innrykk: St. Olavs hospital skriv i si eiga utgreiing at heile hendinga no er gjennomgått. Det har vorte sette i verk tiltak for å hindre at noko slikt skal skje ein gong til. Det har vorte endring på prosedyrar for koordinering av luftambulansar og alarmering. Merking av telefonlinjer i AMK skal og ha vorte betre. Akuttlinjer skal berre nyttast når akutte situasjonar skal meldast inn. Det skal nystast konferanselinjer for å finne kva helikopter som kan vere på aktuell stad raskast.