Dialektprofessor Tor Erik Jenstad reagerer på at ganske mange går for å fjerne nynorsken avdi det blir for vanskeleg.

- Det er berre tull at du ikkje skal klare å halde styr på to målformer. Det er ikkje slik at det eine står i vegen for det andre. Du aukar hjarnekapasiteten med å lære fleire språk, konstaterte han.

Han fekk eit innlegg frå talarstolen før han gjekk inn i eit panel saman med bedriftsleiar Trond Skogseth, stortingsrepresentant Jenny Klinge og vidaregåandeelev Sondre Ormset.

Kring 40 språk- og dialektinteresserte var samla i Svorkasalen til Driva-debatt om språk og dialekt, og vi kunne vel ha ramsa opp namna på mange av dei som var i salen på førehand. Slik sett kunne gjerne denne debatten ha interessert litt fleire enn dei som var til stades.

Driva-redaktør Sigmund Tjelle oppfattar at det er ein diskusjon i Surnadal om at kommunen brukar nynorsk til å kommunisere med sine innbyggarar. Elles set han pris på at bruken av dialekt har teke seg opp med bruken av sosiale media.

Dette var og bakgrunnen som paneldeltakarane tok med seg inn i debatten.

Jenstad peika på at i Norge har dialektmangfaldet status, og kan brukast heilt til topps i samfunnet medan andre land langt på veg har kvitta seg med sine dialekter.

- Det er ikkje sikkert at dette med dialekter vil stå like sterkt i Norge for all framtid heller, påpeika han.

Han meiner å sjå ei regionalisering av dialektene snarare enn ei standardisering. For eksempel sprer Trondheimsmålet seg langt utanfor byen.

Elles åtvara han om at det ikkje er berre ord for gamle landbruksreiskap og arbeidsmåtar som forsvinn, men også ord vi kunne ha god bruk for i daglegtalen. Også bildebruk i språket tapar terreng.

Ordstyrar Svein Sæter utfordra panelet på ei rekkje område som regionaliseringa av vår eiga dialekt. Skuleelev Sondre Ormset meiner å sjå at ungdommane talar meir likt språk no enn tidligare. Du høyrer ikkje lenger store skilnaden om du talar med ein frå Skei eller ein frå Stangvik. I sisteåret på vidaregåande, er han åleine i klassen om å skrive nynorsk.

Panelet kom òg inn på anglifisering av språket, og Jenstad kan sjå for seg ei framtid der dialektene blir bruka lokalt, medan vi blir meir og meir internasjonale i språket elles.

Jenny Klinge konstaterer at i politikarspråket har det vorte meir akseptert å bruke dialekt. Noko av æra tillegg ho Sigbjørn Johnsen, men meiner også at det faktum at nynorsken har halde stand såpass som den har, medverkar at ho kan stå på talarstolen og tale surnadaling.

Trond Skogseth undrast over at surnadalingane ikkje klarer å sjå bruken av nynorsk som ei mulegheit til å formidle sin eigen kultur.

- Om vi med vår dialekt ikkje klarer skrive nynorsk, kan det bli vanskeleg å behalde nynorsken som målform i framtida, meiner han.

Kulturhussjef Karstein Telstad påpeika at han er konsekvent på å bruke dialekt når det kjem artistar til Surnadal utanfrå, og meiner dialekta bidreg til å plassere Surnadal på kartet.