Kjem du gåande

oppigjennom Modalsvegen,

blir du ståande

både ottefull og fegen.

Fjell og flyer, høge tindeslott

syner seg og kjem imot deg brått.

Kvelven blånar

over jøkulbre som aldri brånar.

(frå diktet Eidet av Hans Hyldbakk)

Når du går over laftebrua på Galtmettet og forbi litt lauvskog, kjem Hans Hyldbakk sine hyllingsord til Eidet verkeleg til sin rett. For det kjem litt brått på. Synet av høge tindeslott som kneisar over ei stor myrslette. Ingen hus å sjå. Berre natur. Nokre få hundre meter frå tjukkaste sentrum i Surnadal.

Heilt urørt natur er det ikkje. Dette er eit kulturlandskap. Folk har livnært seg her i lange tider og sett spor etter seg. Den eldgamle kavlvegen i myra vart i si tid avdekt under nybrottsarbeid. Heldigvis bur det positive grunneigarar på Eidet som i si tid ga opp denne myra og heller lar området bli brukt til naturvennleg og inkluderande friluftslivsformål.

Riksantikvarisk Foto: Anne Lise With Vullum

Blir lagt merke til

Surnadal kommune har saman med Nordmøre Museum gått foran ved å gå bakover i historia. Vi har bygd eit naturvennleg kavlveg-anlegg som er universelt utforma og følgjer prinsippa frå eit freda kulturminne. Dette har vorte lagt merke til, langt utanfor vår region. NRK TV og radio har laga fleire flotte innslag om Kavlvegen kultursti. Kavlvegen kultursti er også omtala i boka Gamle veger og vegfar. Ei handbok i vern og tilrettelegging, utgjeve av Statens vegvesen og Riksantikvaren (2021). Vi sett også stor pris på den positive interessa lokalpressa har vist for dette arbeidet over fleire år

I haust var Surnadal kommune invitert til å halde innlegg under Norsk kulturforum sin nasjonale berekraftkonferanse. Nyleg tok Gode idrettsanlegg kontakt og har løfta fram anlegget på nettsida si. Gode idrettsanlegg er eit samarbeid mellom Kultur- og likestillingsdepartementet, Norges idrettsforbund og olympiske og paraolympiske komite og NTNU Senter for idrettsanlegg og teknologi. Det er ei anerkjenning for oss og bekreftar at vi – bokstaveleg tala -har tatt nokre riktige vegval som forhåpentlegvis vil inspirere andre!

Når heile anlegget blir offisielt opna 1. september neste år har vi lagt bak oss fleire år med ulike bygge-etappar. Når morkaka er ei myr blir svangerskapet komplisert, ein må fare varsamt fram, følgje årstider, verforhold og bøye av for naturen. Visste du forresten at myra lagrar to til tre gonger så mykje karbon som regnskog?

Landskapet ved kvilebua Foto: Anne Lise With Vullum

Pusterom for folkehelse

– Frå eit folkehelseperspektiv er det spennande og nytt for folk å ferdast ute i naturen på litt nytt og eigentleg gammelt vis utan å skade naturen. Ein får kjenne seg som ein del av historia og blir kjent med naturen. Det har både ein psykisk og fysisk verdi. Kavlvegen kultursti er i høgste grad eit helsefremmande lågterskeltilbod. Dette seier Trine Glåmen, nytilsett folkehelskoordinator i Surnadal

kommune. - Her kan mange komme seg ut på tur til fots, med rullestol, rullator eller barnevogn. Så likar eg at det er berekraftig, både ved at ein tar vare på naturen og val av material. I tillegg vil dette kunne bidra til auka reiseliv og turisme, seier Glåmen.

Kvilebua Foto: Anne Lise With Vullum

Å vandre i historia

Om du let tankane vandre attover til 1161 når du er på Kavlvegen kan du kanskje sjå for deg at nokre gutar og menn står til knes i våt myr mellom tungt onnearbeid og legg eit omhyggeleg flettverk av halvkløyvde stokkar meter for meter bortover flata frå Galtmettet i retning Østbødalen. Dei er bønder frå bygda som er pålagt å utføre vegarbeid til faste tider. Du kan kanskje høyre lyden av økseslag og klasking av mygg som bit i sveitte nakkar. Farsken til pliktarbeid. I denne perioden i middelalderen er det uvanleg varmt på den nordlege halvkule. Det er korndyrking heilt opp til Troms. Lite anar dei om pesten eller den lille istida som startar eit par hundre år seinare.

Utpå hausten ser du kanskje eit fylgje med kløvhestar som kjem over kavlvegen i retning Skei. Mennene er på veg heim etter veker med storviltjakt ved bogestillingar og fangstgroper i Trollheimen. Hestane er fullasta med ettertrakta råvarer. Reinskjøt, elgkjøt, skinn og gevir. Av bein blir det fine kammar og anna husgeråd. Skinnet er også ettertrakta handelsvare. Særleg kalveskinn. Utmarksressursane er viktige å ta i bruk for å kunne skaffe seg overskot til å betale skatter og avgifter til kyrkje og kongemakt for leige av jord. Og for å kunne gjere ein bytehandel.

På Skei har nokre bønder kanskje høyrt om den ferske erkebiskop Eystein Erlendsson som er heimkomen til Nidaros og den store ombygginga som pågår i Domen. Kanskje snakkar dei om den første kongekroninga i Norge og den første kongekroninga i Norden med kyrkja si velsigning. Kongen heiter Magnus Erlingsson og er berre 7-8 år. Det er kanskje far hans og den nye erkebispen som styrer det meste frå kulissene.

Utsyn frå kvilebua Foto: Anne Lise With Vullum

Kavlvegen i myra på Eidet er bygd i ein epoke med konsolidering av kyrkje og statsmakt og utvikling av handelsnettverk i heile landet. Mange stader i Norge og i Nord-Europa, heilt ned til sørleg Baltikum, er det gjort funn av liknande historiske vegnett av trestokkar over våtmark. Dei eldste er daterte til fleire tusen år f. Kr og mange utgjorde viktige handelsruter. Brukar du søkeord som corduroy road, plank road eller wooden road får du opp endelause nettsider om slike historiske vegnett, kva dei vart brukte til og kva tresort dei var laga av. Seinare kom postveg og ålmannvegar for hest og vogn.

Å vandre i historia er ein viktig del av opplevinga av Kavlvegen kultursti. Åsen bygdemuseum blir ein fin plass å starte den historiske vandringa til fots frå motsett side av turstianlegget. Vi veit jo ikkje heilt korleis alt var før, men vi håpar at levandegjorte kulturminne kan opne for litt undring, slik Hans Hyldbakk avsluttar i diktet sitt til Eidet:

Liksom fløymande

kjem dei mot deg gamle tider.

Sæl og drøymande

står du under desse lier.

Kvar ein stig og kvar ein gamal stad

ligg for auga som eit sogeblad.

Dolp og dalar

stilt om lagnadstunge tider talar.

Av Anne Lise With Vullum