Surnadal kommune meiner Surnadal Hamn framover i tid kan få ein stadig viktigare posisjon som regionhamn viss hamn utviklast.

SIV Industri-inkubator gir signal om at det kan vere aktørar innan offshorerelatert industri som kan ha ønskje om å etablere seg i Surnadal. Felles for dei alle er at det blir stilt krav om store byggeklare tomter og tilgang til ei hamn.

For å lykkast må kommunen ha tilgang til lagerareal både utandørs og under tak.

Trollheim Vekst AS er nærmaste nabo til både Surnadal Havnelager AS og til Allskog sitt tømmerlager på nabotomta litt nærmare sjøen og har ei tomt dei ønsker å selge.

Deler av tomta er i dag ei bakevje som delvis er oppfylt av sjøvatn, som må fyllast opp og klargjerast før den kan takast i bruk som industritomt.

Tomta ligg slik til at den etter oppfylling vil knyte saman hamna med øvrig del av industriområdet i Røtet , og har for kommunen ei sentral plassering for utvikling av hamneområdet.

Kommunen bruker vel 800.000 kronar på å kjøpe tomta. Kommunestyret behandlar saka torsdag.