Dette skriv Herøyspelet i ei pressemelding. Vidare heiter det:

Herøyspelet Kongens Ring vert spelt første helga i juli. I år for 24. gong. Då spelar 200 aktørar, kor og orkester, profesjonelle og amatørar, fram eit drama om kjærleik og hemn og møtet mellom ny og gamal tru. Og henne det vert kjempa mest om er Unn den Fagre – som i år vert spelt av Ingrid Megård Sæter frå Sunndal.

Ingrid Megård Sæter har spelt Anne Grødahl i Lady Arbuthnott fleire gongar. No går ho frå å spele ei fattig mor med eit dødssjukt barn til å vere hovdingdotter. Ei ung jente som er bunden av forpliktelsar og arrangert ekteskap, men som rømer inn i kjærleiken og opprøret.

Herøyspelet er også kjent som vikingmusikal og Ingrid Megård Sæter seier at ho alt er i gang med å synge på songane.

- Eg gler meg kjempemasse. Eg har aldri sett Herøyspelet, men høyrt mykje om det frå Heidi Ruud Ellingsen som eg  har spelt i Lady Arbuthnott i lag med.  Ho fortalt at det er av det flottaste ho har fått lov til å vere med på, det gjer meg berre endå meir ivrig på denne rolla.

Ingrid Megård Sæter er nyutdanna frå London, og bur no i Oslo, men i frå slutten av juni er det sunnmørskommunen Herøy som gjeld.

- Eg gler meg til å oppleve naturen der og alle folka som skal vere med.

Saman med Ingrid Megård Sæter er også Idun Losnegård frå Sogn og Fjordane Teater og Ketil Høegh frå Hålogaland Teater nye på rollelista til Herøyspelet. Høegh  er for tida på ei mengde tv-skjermar på ny-visinga av Himmelblå. Neste år blir han å sjå på kinolerreta i storfilmen «Kongens nei», regissert av Erik Poppe.