I styret fekk han med seg Per Arne Lillebø, Sande, Atle Hole, Sykkylven , Gunnar Buset, Ålesund, Cecilie Dahle Torbjørnson,Volda, Tor Larsen, Kristiansund, og Anne Karin Høj, Molde. Varamedlemmar vart  Evy Sisilie Bergum, Molde, Inge Kolås, Ørsta og Ole Brubak, Herøy.

I etterkant av forrige ukes årsmøte vart det arrangert eit informasjons- og debattmøte om ruspolitikken som dei politiske partia står for no i eit stortingsvalår. Tre parti stilte med innleiarar: Krf. (Torgunn Nerland), SP (Geir Inge Lien)og Høgre (Vetle Wang Soleim). Det vart ein god informasjons- og debattrunde, med ca 20 frammøtte.

Fylkesårsmøtet vedtok to resolusjonar:

Alkoholfrie drikkevarer

Retten til å servere alkohol er kobla bl.a. til kravet om også å ha alkoholfrie drikkevarer å tilby gjestene. Actis blir jevnlig kontakta av personer som opplever at skjenkesteder ikke har alkoholfrie drikkevarer å tilby, eller at tilbudet av alkoholfrie drikkevarer er svært dårlig. Årsmøtet i Actis, Møre og Romsdal, Molde 7.februar 2013, ber om at kommunene i  opplæring,  oppfølging og kontroll av salgs- og skjenkestedene for alkohol, også understreker kravet til et godt tilbud av alkoholfrie drikkevarer.

Urimelege skilnader i samfunnets handtering av tobakk og alkohol

Samfunnet har dei seinare åra tatt styring med røyking og røykeskadene på ein svært aktiv måte, gjennom røykelova. Det har redusert talet på røykarar, og gir positive utslag m.a. på helsestatistikken.

Men samtidig opplever vi ein auke i alkoholbruken, og stadig svekking av dei effektive virkemidla overfor bruken av alkohol. Det gjeld m.a. alkoholprisane, som ikkje på nokon måte har følgt den generelle prisutviklinga i samfunnet, og det har skjedd ein nesten uhemma  auke i tilgangen på alkohol både gjennom sterk vekst  i talet på sals- og skjenkestader for alkohol, og  gjennom alkoholreklame i media, forkledd som informasjon verd mange titals millionar kroner kvart år.

Det er no på tide å sjå på dei helsemessige og sosiale skadeverknadene av alkohol med minst like kritisk blikk som har skjedd med røykinga. Derfor vonar vi det kjem konkrete resultat ut av stortingsdebatten i vår om St.meld 30(2011-12)”Se meg! (En helhetlig rusmiddelpolitikk)”. Årsmøtet i Actis, Møre og Romsdal, samla i Molde 7/2-2013 helsar og velkommen framlegg frå enkelte parti om tiltak retta mot tax free-handelen, som no utgjer bortimot 10 % av alkoholen vi drikk her i landet.  Den påtrengande eksponeringa av alkohol som skjer på fly-plassane er heilt urimeleg når vi samanliknar den med det som har skjedd med tobakksvarene dei seinare åra, og når vi ser det i samanheng med dei individuelle og sosiale skadene av alkoholbruken.