Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av klær til Estland i samarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er satt til laurdag 20. april i Sanitetshuset.

Her vil dei ta i mot reine, heile klær, sko, leiker og anna høveleg utstyr som kan komme andre til nytte og glede. Dette har vorte ein kjærkommen tradisjon, som favner langt utanfor Svinviktunnelen. Saniteten oppfordrar til å pakke det i solid emballasje, så det ikkje blir "lekkasje" på sekkane. De lyt òg ta litt i frakt for å få det frå seg.