Hotelldirektør Bergsvein Brøske (frå venstre), initiativtakar Marvid Nilsen og kulturhusleiar Karstein Telstad har allereie starta å gle seg til Plekterfesten 2011. Foto: Øystein Hjelle Bondhus

Mannen bak Plekterfesten.no, Marvid Nilsen, Surnadal Kulturhus og Vårsøg Hotell kunne i dag avsløre at dei har inngått ein avtale om å arrangere Plekterfesten 2011 den første helga i september neste år.

Arrangementet går ut på at band beståande av gamle heltar frå 1960-, -70 og -80-talet spelar opp til dans og held konsertar, og vil nytte heile lokala til både hotellet og kulturhuset.

Både fredag og laurdag kveld vil det verte tilstelningar i Gladlaksen, medan det laurdag ettermiddag vil vere eit stort show i Storstuå. I tillegg vil det i Finstuå vere ei utstilling av mellom anna gamle plakatar, bilete og t-skjorter.

– Det blir utruleg artig å samle dei gode, gamle artistane igjen, seier initiativtakar Marvid Nilsen. Nilsen stod bak kjempesuksessen Plekterfesten 2007 i Valsøyfjord, der 550 personar kjøpte billett.

Med Plekterfesten 2011 vil han utvide, og Nilsen fortel at han allereie er i gong med å få tak i band frå heile regionen. Håpet er at publikum skal få sjå og høyre gamle heltar frå mellom anna Surnadal, Halsa, Rindal, Sunndal, Oppdal og Molde.

Kulturhusleiar Karstein Telstad har kjempetru på arrangementet.

– Eg trur det blir ei kjempehelg, og at vi kjem til å halde og fylle to ettermiddagskonsertar i staden for ein. Vi kjem til å sprenge kapasiteten, spår Telstad.

Også hotelldirektør Bergsvein Brøske trur at folk vil sette pris på litt mimring og nostalgi.

– Det er både veldig artig og veldig viktig for oss at ildsjelar som Marvid kjem til oss med idear. Dette arrangementet vert jo omtrent som ei innføring i festkulturhistorie, og er som manna frå himmelen for oss.

Les meir i Driva på måndag.