IMPONERTE: Kvintetten Thea Tiset, Ingrid Moen, Hanna Saksen, Else Nordvik og Marit Lyngstad spelte mellom anna "Bjelleklang" og "Nå tennes tusen julelys". Foto: Øystein Hjelle Bondhus

Laurdag klokka 12 vart det arrangert kafékonsert i foajéen i Surnadal Kulturhus. Kulturskulen på Indre Nordmøre stod for underhaldninga, og eit talrikt publikum fekk servert alt frå "Mary's Boy Child" og "Pål sine høner" til musikk av Beatles og Dire Straits.

Foajéen i kulturhuset var stappfull av entusiastiske tilhøyrarar, og både ungar og vaksne såg ut til å kose seg på arrangementet.

Ein av dei mange flinke artistane publikum fekk sjå og høyre, var Tore Bæverfjord. Saman med gitarlærar Lubomir Alexandrov framførte han "Mississippi Blues", og folk i salen var ikkje seine om å klappe takta.

Også messingblåsar-elevane imponerte, og saman med lærar Silvio Krauss spelte kvintetten Thea Tiset, Ingrid Moen, Hanna Saksen, Else Nordvik og Marit Lyngstad mellom anna "Bjelleklang" og "Nå tennes tusen julelys".

Med godt oppmøte, flinke kulturskuleelevar og skikkeleg julestemning vart kafékonserten ein suksess, og den viser samtidig at det gror godt i musikkmiljøet i Surnadal.