Frå venstre: Leiar i Ørsta Bondelag, Geir Hole, organisasjonssjef Gunnar Wentzel, bonde Petter Buset, styremedlem Anne Katrine Jensen og fylkesleiar Inge Martin Karlsvik . Foto: Arild Erlen

Møre og Romsdal ønskjer å rekruttere eit tital nye bønder som driv med smågris i dei komande åra.

Siktemålet er å styrke dei kornbaserte produksjonane og halde på eit variert landbruk over heile fylket.

Det er ein del bønder som har slutta med mjølkekyr som ønskjer å nytte gode driftsbygg til oppstart av nye produksjonar. Forbruket av svinekjøt går opp.

Dette er konklusjonen frå ei arbeidsgruppe som Bondelaget i Møre og Romsdal hadde kalla saman i Molde den 25. mai.

Det blir etablert eit lite prosjekt som skal arbeide for rekrutteringa.

Deltakarane er Nortura, Norsvin, Felleskjøpet, Fylkesmannen, og Gjermundnes VGS forutan Bondelaget.