Fredag tapte Sunndal 2-5 borte mo Aalesund 2 i Ole Sveen sin trenardebut. Allereie måndag får laget mulegheita til å slå tilbake, når Hødd 2 kjem på besøk til Nordmøre.

– Eg har god tru på siger, sjølv om det heilt sikkert ikkje blir enkelt, seier Ole Sveen, som forventar at Hødd 2 stiller eit ungt lag med spelarar som er godt taktisk skolerte og har gode ferdigheiter.

Han fortel at Sunndal vil gå ut for å ta tak i kampen frå start.

– Ja, på heimebane meiner eg heilt klart vi skal føre kampane våre, seier Sveen.

Hustad scora to

I oppgjeret mot Aalesund 2 på fredag fekk Sunndal ein drøymestart, då Andreas Hustad sende laget i leiinga etter berre eitt minutt. Dessverre for sunndalingane snudde heimelaget kampen etter mål frå Vebjørn Hoff og Henrik Bjørdal i det 18. og 23. minutt.

Andreas Hustad utlikna så til 2-2 berre eit par minutt etter leiarmålet til AaFK 2, men to mål av Christian Myklebust sørgja for at det stod 4-2 til sunnmøringane ved pause. Myklebust kom dagen før inn som innbytar i Tippeligaen då Aalesund tapte 1-4 for Molde.

Om lag fem minutt før pause måtte ein sjuk tomålsscorar Andreas Hustad kaste inn handkleet, medan Ola Ruud Ramsli fekk direkte raudt kort i det 44. minutt.

– Det var ei diskutabel utvisning. Ola er bakerste mann, og held ein motspelar som har ryggen mot mål. Det var eit greitt frispark, men det kan diskuterast om han tek frå motspelaren ein opplagt målsjanse, seier trenar Sveen.

Etter utvisninga la Sunndal om frå 4-3-3 til 4-4-1, med Erik Ruud Ramsli på topp.

Sterk andreomgang

Og andre omgang vart ein stor opptur for Sunndal, ifølgje Sveen.

– Den andre omgangen var mykje betre, og vi skapte fire store målsjansar. Mellom anna hadde Erik Ruud Ramsli to stolpetreff, seier Sveen, som fortel at og storebror Torgeir Ruud Ramsli var nære scoring.

– Vi er mykje rolegare med ball i andre omgang, og sjølv om dei har ballen mykje er vi svært farlege på kontringar. Med tanke på at vi klarer å spele så bra 10 mot 11, ser det lyst ut for fortsetjinga, seier Sunndal-trenaren.

Sju minutt før full tid fastsette Henrik Bjørdal sluttresultatet til 5-2 til Aalesund 2, og sjølv om trenar Sveen fortel at han aldri har lyst til å tape, er han likevel fornøgd med innsatsen.

– Ja, spelarane tok seg veldig fint inn i andre omgang, og vi har veldig god tone og fin stemning i laget. Eg er kjempestolt over korleis vi stod fram som lag i denne kampen.

Kampfakta:

Aalesund 2 – Sunndal 5-2 (4-2)

Mål:

0-1 Andreas Hustad (1. min.)

1-1 Vebjørn Hoff (18. min.)

2-1 Henrik Bjørdal (23. min.)

2-2 Andreas Hustad (25. min.)

3-2 Christian Myklebust (37. min.)

4-2 Christian Myklebust (42. min.)

5-2 Henrik Bjørdal (83. min.)

Gule kort: Petter Melkild og Christian Danielsen, Sunndal.

Raudt kort: Ola Ruud Ramsli (44. min)

Sunndal stilte følgjande lag:

Thomas Monsøy – Ola Ruud Ramsli, Eivind Lervik, Brage Talgø, Sander Grimelid – Petter Melkild, Torgeir Ruud Ramsli, Christian Danielsen (Ørjan Nes Haugen inn i 87. min.)  – Erik Ruud Ramsli, Erik Rudi (Ola Sveen inn i 83. min.), Andreas Hustad (Erling Fredriksen inn i 39. min.)