Bildehoggaren Ole Mauset er glad ungane på Øye Barnehage i Surnadal er ivrige etter å ta og føle på bjørnungen han har laga til dei. Bamsen er i betong og skal tåle ein støyt.

- Eg har laga ein kosebamse, seier Mauset.

Bamsen er ikkje like lett å sjå for alle.

- Er det ein hund, spør ein av ungane under avdukinga.

- Nei, det er ein bamse, kom hit å sjå, seier einhetsleiar Kenneth Bergstad ved Øye Barnehage etter å ha avduka bamsen.

Ungane er ikkje tunge å be. Dei stimlar saman rundt bamsen og kosar seg godt. Dei pillar han i nesa, stryk og klappar på han og nokre klatrar på han, men det seier barnehageleiaren, dei ikkje må gjere.

- Ei ettårsgave til barnehagen. Den skulle vært ferdig i fjor, men da blei det ei gispkatt, seier Mauset.

Kenneth Bergstad synest det er storveis å få ein slik flott skulptur. Den ligg under ett tre lett henslengt på ryggen og skuer bort mot den videregåande skulen og idrettsbanen bortanfor.

- Eg er glad ungane likar han, seier Mauset.