Arrangøren Eresfjord I.L. registrerte 259 betalande personar. I tillegg kjem alle dei som ikkje var med i denne tellinga og som koste seg i fjellet sammen med sol frå knallblå himmel.
Med andre ord så krydde av folk både i Kanndalen og oppover mot Skjorta (1711 ) der det anslagsvis var rundt 80 pesonar som nådde toppen.
Ola Hovdenakk var suverent den raskaste blant dei 19 i konkurranseklassen. Opp til Skjorta og ned att til mål i Kanndalen brukte han ikkje meire enn 1 time, 27 min og 35 sekunder. Håkon Johannessen og Johannes Reiten fulgte få minutt etter.
Blant damene var det Hildegunn Gjertrud Hovednakk som vant med tida 1.51.54. Ellers sjå resultatlista.
I tur/trim og familieklassen som gjekk til Kanndalen var det bokført 201 deltakere. Her var det premiering til alle barn. Rundt seterstølen var det ellers skileik og aktiviteter av ymse slag.
Speaker Jostein Øverås holdt alle informert om dei aktive med intervju etter målgang. Samt andre praktiske opplysningar og litt historie om setergrenda Kanndalen.
Salg av karbonader, pølser og brød og varme vafler og kaffe gjekk unna. Med andre ord god påskesteming der alle storkosa seg.
Det første Skjortarennet vart arrangert i 2007. Dette var da det 7. i rekkja.