Eit 40-tals deltakarar trossa tette regnbyer og dårleg vêrmelding og møtte opp for å bli med på Lilly Gunns ordførartur på den populære ”Stikk Ut”-turen som Svinvikrunden har vorte.

Turen startar frå parkeringsplassen til Svinviks arboret og går oppgjennom Svinvik-kleiva etter gammalvegen som vart bygd på 1890-talet. Det er rart å tenke på at det var biltrafikk etter denne vegen, så bratt og svingete som det er oppover den første delen av vegen, og det var da heller ikkje uvanleg at passasjerane måtte stige av og hjelpe til å skuve på bilen i dei verste partia.

I dag er dette fin turveg av ypparste klasse, og i finvêr går det godt an å gå heile runden som er ca. 4,6 km i joggesko. Når du vel og bra er komen på toppen kom vi inn på Hjellnesvegen og fortsette til vi nådde den gamle fylkesvegen som går nedmed sjøen utover att til Svinvika – og til parkeringsplassen. Denne vegen var i bygd før krigen, men teken i bruk først etter krigen, fortalde Sven Olav Svinvik, som var hyra inn som gaid og kjentmann på turen. Han kjente historia til gamalvegen godt, og hadde mykje interessant å fortelje, mellom anna historia til rodepålane i gamalvegen som markerte kven som hadde ansvaret for å halde vegen ved like i gamle dagar.

På ordførarturen var vi godt kledd og førebudd på at det vart ein del regn, med vi kom så godt som rundt heile runden før det vart noko særleg nedbør. Etterpå var heile gjengen samla i arboretet, der ordførar Lilly Gunn Nyheim spanderte kaffi og kaker på heile gjengen.

Som sagt er Svinvikrunden eit av turmåla som er med i Stikk Ut-prosjektet. Her kan ein registrere besøk elektronisk på www.stikkut.no og i skrivande stund har 92 personar registrert besøk hittil i mai, med den ”analoge” besøksboka i postkassen på toppen i same perioden har fått nærare 300 registrerte namn – og fleire blir det nok i løpet av sommaren. Fin tur som kan anbefalast både med og utan ordførarfølgje, og kan god kombinerast med besøk i Svinviks arboret.

Av Jon Olav Ørsal