FEKK KOMIPRISEN: Musikalen «Evig ung», med mellom anna Charlotte Frogner og Anders Rogg i sentrale rollar, fekk komiprisen i 2009. Foto: Fin Serck-Hanssen/Pro-file Studio AS

Det er no klart kva framsyningar frå Riksteatret som kjem til Hovshall i Sunndal kulturhus våren 2011, og publikum ser ut til å ha mykje å gle seg til. Kulturhusleiar Berit Megård er storfornøgd med dei tre framsyningane, og meiner dei utgjer eit variert og spennande tilbod.

– Ja, vi har fått tre gode framsyningar i vidt forskjellige sjangrar, seier Megård, og fortel at billettar til arrangementa allereie er lagt ut for sal.

Først ut er musikalen «Evig ung», som vert sett opp i Hovshall 25. februar. Den har tidlegare gått for fulle hus ved Det Norske Teatret, og vann komiprisen i 2009.

– «Evig ung» er rett og slett ein musikal til forlysting, seier Megård.

Neste framsyning publikum får mulegheita til å sjå er «Meg eier ingen», basert på Åsa Linderborg sin kritikarroste roman med same namn. «Meg eier ingen» er Åsa si forteljing om djup kjærleik til ein alkoholisert far, som ho samtidig skammar seg over.

Også dei yngste kan gle seg til våren, for 12. april kjem Albert Åberg til Sunndal. I dukketeateroppsetjinga om Åberg kan små og store få eit møte med ein heilt vanleg dag i Albert sitt innhaldsrike liv.

– Dette er ei barneframsyning for dei minste, men kan sjølvsagt og vere artig for dei som har vekse opp med Albert Åberg, seier Berit Megård.

Les meir i Driva på onsdag.