PÅ HÅRET: Magnus Bergersen stussar ballen i tverrliggaren og ned. Foto: Steinar Hasselø

Kampen vart tjue minutt forseinka da romsdalingane satt fast i ferjekø på Kanestraum. Dei venta også med å melde seg på i kampen og Surnadal rulla over Elnesvågen frå start. Allereie etter seks minutt heada Webjørn Holten i tverrliggaren, og heimelaget hadde fleire store målsjansar før fræningane hadde rista av seg ”jet-laget” frå reisa innover.

Elnesvågen, som ligg på andreplass i divisjonen, fekk sin første store sjanse etter 25 minutt. Skotet slo Eystein Meese på glimrande vis over. Tre minutt seinare blokkerer han først ei heading frå kort hald etter corner. Han kastar seg også fram for å hindre at Kai Sildnes skyt returen i mål, men det harde skotet kronglar seg mellom dei ulike kroppsdelane til surnadalskeeperen.

Minuttet etter stussar Magnus Bergersen eit frispark vidare i tverrliggaren og ned, men på feil side av dødlinja. Ballen blir kontrollert ut.

Om elnesvågkeeperen har kontroll over ballen nokre minutt seinare er meir diskutabelt. Helge Drøpping skjer gjennom og skyt. Keeper stoppar skotet og kastar seg etter ballen. Det gjer også Stein Todalshaug og ballen blir liggande fri. Trond Ressel tek den med seg forbi dei kravlande spelarane og skyt ballen i mål. Og dommar Hans Georg Snekvik bles – for angrep på keeper, noko både surnadalsspelarar og heimepublikum ikkje meinte var rett.

Dermed vart det 0-1 til pause i ein veldig underhaldande førsteomgang. Andreomgangen vart ikkje såpass. Romsdalingane skåra to enkle mål, og Surnadal sitt eine kan vel også seiast å vere det: ein sikker straffe frå Bjørnar Dalsegg Sæter.

Surnadal kunne fått eit par mål i løpet av dei første tjue minutta og styrt kamputviklinga. Når heimelaget ikkje utnytta sjansane dei fekk, inviterte Elnesvågen seg inn i kampen og forsynte seg grådig av poenga til slutt.

Meir om kampen i papirutgåva av Driva.