Young Voices er eit relativt ferskt kor, og har sunge saman sidan haustferien i fjor.

Dei består av ungdommar i alder frå ungdomsskule til og med vidaregåande – men kan godt utvide litt i alder i det øvre sjiktet.

Fredag – om ei veke – får dei ein alle tiders sjanse til å vise seg fram. Då er det nemleg 20-års jubileumskonsert for Vårsøghelga, og Young Voices skal kore med Henning Sommerro og Trondheim Symfoniorkester.

Dei skal vere med på tre nummer saman med desse, alle tre er songar der Henning har tonesett dikt av Hans Hyldbakk – blant anna Vårsøg og No e sola komma.

Både dei unge songarane og musikalsk leiar Elin Persson gler seg sjølvsagt til dette – gru-gler seg, vil nok nokon seie.

Men Young Voices skal sjølvsagt halde fram som kor også etter Vårsøghelga, og vil gjerne ha med fleire medlemmar.

Eit solid lokkemiddel i så måte er at koret dreg på tur når det lir ut på hausten.

– Å ja – du kan gjerne skrive LONDON med store bokstavar, seier kormedlemmane.

I begynnelsa av november går nemleg turen til London, og dei er godt i gang med å samle inn pengar til turen – sjølv om medlemmane sikkert også må bidra litt sjølv.

– Dette blir såpass langt utpå hausten at nye medlemmar som kjem til etter sommarferien får god tid til å øve inn det stoffet vi skal framføre under opphaldet i London, seier Elin Persson.

Sjølv har ho trappa ned på engasjementet med Operakoret i Kristiansund – blant anna med tanke på å kunne jobbe meir med kor og musikk på heimebane i Surnadal.

– Dette er jo noko eg kan, og vi skal få høg kvalitet på det vi framfører etter kvart, seier ho.

Ho tykkjer det er ekstra gjevande å jobbe med musikalsk ungdom, og håper at koret vil vekse i framtida, når ungdom frå heile Indre Nordmøre blir merksam på at tilbodet er der. Her er alle velkomne – og må gjerne ha London-tur i bakhovudet når dei melder seg.