Ein av fem nye cd-ar som vart slept under "Ørasus" onsdag kveld, var Ingebjørg Loe Bjørnstad sin "Hæm".

Vi har fått cd-en i handa - og etter kvart i øyret. Det skal nemleg meir enn ei gjennomhøyring til før ein får taket på denne.

Ingebjørg Loe Bjørnstad står sjølv for både tekster og melodiar på cd-en, medan trekkspelaren Frode Haltli står for arrangement og akkompagnement.

Omtalen frå Øra Fonogram fortel at tematikken kretsar rundt venskap, lengt etter fellesskap, trøyst og framtidsvon. Ingebjørg har bruke prosessen med å lage plata til å finne ut av sammensuriumet som oppstår når ein blir rykka opp med rot frå ein stad og skal slå rot ein annan plass.

No kjenner ho seg heime både på Stord og i Surnadal, men arbeidet med "Hæm" har resultert i at ting har falle på plass for ho.

Det er modig gjort å gje ut ei plate med berre ei naken stemme og med berre trekkspel som akkompagnement. Ganske mange lyttarar har nemleg trekkspelfilter på musikkanlegget. Desse må gå inn i lyttinga med meir ope sinn enn som så.

For underteikna dreier det seg mykje om tolking av tekst her, og at eit svært så virtuost trekkspel er med på å underbyggje stemningane i plata - som eg oppfattar som gjennomgåande melankolsk. Her ligg det både lengt etter fellesskap og angst for døden. Ho seier sjølv på eit spor at ho gjerne skulle skrive ein annleis og lystigare song der ho "tenkje på dauinj berre ainnkvar dag".

Om eg skal plukke ein favoritt må det bli spor 2  - Høg himmel. Då ser eg for meg jenta som "hennje oppned ti dusta" og ser verda frå sin synsvinkel. Kanskje har det noko med refrenget og også med akkompagnementet å gjere at den går lettare inn. Når eg har høyrd gjennom plata fleire gonger, kan eg kanhende lande på ein annan favoritt.

Plata skulle nok vere for alle og einkvar, men er det nok ikkje. Til det er vi både for overfladiske og utolmodsame, og orkar ikkje høyre gjennom ho mange nok gonger til at vi får den under huda. Det må nemleg til.