Nytt av året er samarbeidet med Tahitifestivalen. Eitt av dei lokale banda på Råkksøg vil bli plukka ut til å spele på Tahitis opningskonsert i Kristiansund 26. juni der Vinni med band og Sirkus Eliassen og to Kristiansundsband spelar.

- Dette er fjerde året vi arrangerer Råkksøg under Vårsøghelga, og vi føler no at vi er i ferd med å etablere ei bra rockescene som ein viktig del av ungdomsprogrammet vårt, seier dagleg leiar i Vårsøghelga, Gerd Ingrid Kvendset.

Ho  håper å utvikle det vidare i år med å debutere på det vi kallar Sandeman scene, nabolokalet til Müsters på Vårsøg Hotell. Og sjølvsagt er vi glade for å ha fått til dette samarbeidet med dei gode venene våre på Tahiti. Eg håper mulegheita dette gir til å kunne spele framom eit enda større publikum på Tahitibrygga, vil freiste mange band på Indre Nordmøre til å melde seg på, seier Kvendset.

Vårsøghelga har sett eit tak på 10 band til Råkksøg, og kvart band får 10 minutt til rådigheit. Her blir det først til mølla prinsippet, og band må melde seg på med epost til varsoghelga@varsoghalga.no. Det er inga aldersgrense på arrangementa.