VANDRING: I 2008 fekk dei Kleivaprisen. Søndag under Vårsøghelga i år, opnar Holger og Kirsti Skei dørene inn i heimen til bygdadiktaren Hans Hyldbakk.

Det er på formiddagen søndag at Vårsøgvandringa er sett opp på programmet. Vandringa opp til diktarriket på Kleiva startar på kulturhuset.

Vel oppe opnar Holger og Kirsti Skei dørene inn i heimen til bygdadiktaren Hans Hyldbakk. Det blir omvisning, historier og anektodar frå eit mangfaldig liv undervegs i vandringa, og servering av kaffe, graut og bakels.

Vandringa er elles ein del av eit svært omfattande kulturprogram under Vårsøghelga. Det blir disko og jazzcamp, opera, Øverlandkonsert, Østbø-seminar, utstillingar, pubkveld med tonefølgje, teiknekurs, allsong i Todalen, gjensyn med Gulla gaard og naturlegvis Kleivakveld og kyrkjekonsert. For å nemne noko.

Les meir i Vårsøgavisa onsdag og i Driva fredag.