TAKK: Initiativtakar Nils Ulvund takkar leiar Simen Bjørgen i Norsk kulturarv for eit inspirerande foredrag. I midten konferansedeltakar Jan Silseth.

Bortimot 70 interesserte møtte fram til konferansen som Ålvundfjord Bygdalag med eldsjel Nils Ulvund i spissen inviterte til. Konferansen var lagt til ungdomshuset Fossheim der ei rekkje innleiarar orienterte og inspirerte dei frammøtte.

Nytilsett leiar Simen Bjørgen i Norsk kulturarv var mellom innleiarane. Han har mellom anna bakgrunn som ordførar i Lom i åtte år, og fortalde levande om korleis kulturvern blir praktisert der i kommunen.

– Lom ligg i knutepunktet mellom tre nasjonalparkar. Jotunheimen er den viktigaste turistattraksjonen vår. Vi er strenge på utforminga av nye bygg. I Lom har vi både fargetvang og takvinkeltvang. Vi har til og med avtale med vegvesenet om at dei sender alle fundament for skilt og andre ting i metall til pulverlakkering før dei blir sette opp. I tjærebrunt.

Som leiar i Norsk kulturarv ser Bjørgen det som viktig å understreka at alle stader har kvalitetar. Det gjeld å løfte desse fram.

Organisasjonen han er leiar for ønskjer seg eit tettare samarbeid med kommunane. I vårt distrikt er det så langt berre Halsa kommune som samarbeider med Norsk kulturarv.

Bjørgen har ei klar oppmoding til lokalpolitikarane:

– Det første dei bør gjere når dei snakkar om omdøme er å prioritere arbeidet med kulturminne. Vi deltek på den store tyske messa Grüne Woche. Tyske turistar står for om lag 20 prosent av turistane som kjem hit til landet. Dei er interesserte i kulturavopplevingar.

Norsk kulturarv deler ut Olavsrosa som blir tildelt etter ei streng kvalitetsvurdering. Det er få bygningar forunnt å kunne feste rosa til veggen.

Les meir om konferansen i fredagens Driva.