Foto: Magne Lillegård

Strykeensemblet TrondheimSolistene, der brørne Anders og Steinar Larsen frå Surnadal er med som henhaldsvis fiolinist og dagleg leiar, vart i natt nominerte til to prisar i den prestisjetunge, amerikanske musikk-kåringa Grammy Awards. Ensemblet er nominert både i klassa for Best Surround Sound Album og Best Small Ensemble Performance, for albumet "In folk style".

Grammy vert ofte omtala som musikkbransjen si Oscar-utdeling, og TrondheimSolistane vart og Grammy-nominerte for to år sidan. I natt kom altså meldinga om at dei har vorte nominerte i år og.

– Det er heilt uverkeleg at det skal skje igjen. Dette er kjempestort for oss, seier fiolinist Anders Larsen.

– Det er artig at vi vert lagt merke til i USA. Nominasjonen viser vel at det er bra kvalitet på albumet vi har laga, og at vi kanskje har det lille ekstra som skal til for å verte lagt merke til og nominert, seier Larsen.

Han fortel at sjølv om det er tvilsamt om alle i ensemblet fer til Los Angeles for å vere på sjølve prisutdelinga 13. februar 2011, vil heilt sikkert ein del av musikarane ta turen.

– Det er ingen konkrete planar om det enno, men det hadde vore artig å få med seg det, seier Larsen, som tykkjer det er vanskeleg å vite kor store vinnarsjansane er.

– Tidlegare år har det vist seg at det ofte er amerikanske album som vinn, men sidan vi er nominerte har jo ein fair sjanse til å vinne, seier han.

– Kva vil nominasjonen bety for dykk?

– Det betyr frykteleg mykje i marknadsføringssamanheng, og det blir lagt merke til rundt om kring i verda. Kanskje vil det verte endå lettare å samarbeide med store artistar og få store turnéar i utlandet. Så ein slik nominasjon er utruleg god PR, seier Larsen.

Han og resten av strykeensemblet spelar i Berlin i kveld, og surnadalingen fortel at det i grunn går i eitt for tida.

– Vi har vore eit par dagar i Sveits, og no er vi altså i Tyskland. Og om fjorten dagar skal vi til Svalbard, seier Larsen, som stortrivst i TrondheimSolistene.

– Ja, det er kjempeartig, det er verkeleg eit privilegium å få vere med på dette, seier Anders Larsen.