- Det dreier seg om valet mellom å halde fram i rett retning eller å gå tilbake til meir ulikheit – til eit kaldare samfunn med auka «vi og dei»-haldning, var bodskapen frå fylkesordførar Jon Aasen til både surnadalingar og rindalingar 1. mai – og sjølvsagt ei sterk oppmoding om å gje den raudgrøne regjeringa ny tillit i valet til hausten.

Blant dei som var til stades på 1. mai-arrangementa i Surnadal kulturhus og på Rindal eldresenter er vel valet i utgangspunktet heller sjølvsagt.

Aasen siterte statsminister Jens Stoltenberg som tidlegare på dagen hadde sagt at det er lov å nyte fridagen og ikkje stille på 1. mai-arrangement denne dagen. - Det som ikkje er lov, er å sitje i god ro og tru at det velferdssamfunnet vi lever i har vorte til av seg sjølv, var orda frå statsministeren.

Aasen understreka viktigheita av å ta samfunnet endå litt vidare for dei som kjem etter oss. Han siterte òg tidlegare statsminister i Storbritannia, Margaret Thatcher, som hevda at det ikkje finst noko samfunn – berre individ. Ho hevda at det ikkje er noko som heiter statlege midlar – berre private skattepengar.

Dette sa Aasen seg sterkt ueinig i , og var klar på at vi betaler skatt til storsamfunnet som i sin tur skal gjere livet stadig litt betre for våre etterkommarar.

- Vi vil ikkje ha eit samfunn der din skjebne skal vere besegla ut frå kva kår du er fødd inn i, understreka han.

Han blir provosert av at Oslo-avisene kritiserer kostbar vegbygging i distrikta, og understreka sterkt kvar verdiskapinga skjer.

- Det er ikkje slik at vi bygger veger for almisser gjeve frå hovudstaden. Saka er at det er naturleg at vi får noko tilbake for den verdiskapinga som skjer her i distrikta, sa han.

I foajeen i Kulturhuset kom det så mykje folk at komiteen måtte gå i gang og bere inn fleire stolar, og tradisjonen tru fekk folk oppleve både korpsmusikk, appell og tale for dagen.

Lilly Gunn Nyheim minte i sin appell om at Surnadal har vore på kartet i positiv retning med tildeling av prisar både som kulturkommune, ungdomskommune og arbeidsmiljøkommune i løpet av få år. Ho meinte samtidig at vi må hugse at i andre land slit dei økonomisk, og undrast over at nokon i det heile teke har behov for å endre politisk retning i Norge når alt går så det susar.

Sjølv om det meste er på stell, har ho framleis to lokale kampsaker ho nytta høvet til å nemne med fylkesordføraren til stades. Den eine er Fylkesveg 65 som treng sårt til nytt asfaltdekke. Den andre er jordbruksoppgjeret der ho understreka viktigheita av at ordførar Mons Otnes gjer sitt for å påverke til at landbruket skal få auka sine inntekter.

Då ho overlet ordet til Jon Aasen, vart han blant anna utfordra konkret på Schengen. Aasen hevda fordelane Norge har av avtalen og tryggheita med å vere med i det europeiske fellesskapet.

Oppmøtet ved Rindal eldresenter var litt meir beskjedent, men talen til Jon Aasen vart like godt motteke her. Far og dotter – Georg og Lone Lorgen - stod for den musikalske underhaldninga. I staden for den tradisjonelle appellen, hadde dei hyra inn Edgar Kattem med eit humoristisk og interessant lysbildekåseri, med bilde både frå ny og gammal tid.