Sjef i Surnadal sparebank Allan Troelsen opna møteplassen med eit håp om at dei rundt seksti frammøtte vart betre kjent med kvarandre. For i tillegg til dei utreiste, hadde også eit par kontaktsøkande bedrifter møtt opp på kulturhuset.

Troelsen meinte det ikkje var tilfeldig at akkurat sparebanem sto attom treffet, for banken hadde ein grunnleggande misjon, nemleg å utvikle lokalsamfunnet. Og som første misjonær hadde han tilkalla ordførar Mons Otnes.

Det vart foredrag, song og servering på juletreffet. Ei ledig stilling vart og lagt fram.

Les meir i papiravisa fredag.