Per Ørsal Foto: Jon Olav Ørsal

Det var per Ørsal som var først ut, og premierelaksen var på 4 kg. Litt seinare hadde han fast fisk på nummer to, som var på nærare 8 kg.

Og da var kvoten fylt for den dagen. Det er nemleg fangstavgrensing på 2 laks pr fiskar pr dag i Toåa.

Vidare utover dagen kom det på land nokre laksar til, mellom anna ein på 6,8 kg som Tor lerstang frå Horten fikk i Oddøyhølen.

Lerstang fortel at det er bra med fisk i elva, og fin vassføring med tanke på fiske. Og vassføringa kjem nok til å halde seg nokre dagar framover, da det er meldt regn utover neste veke.