- Avtalen reduserer i snitt inntektsforskjellen til andre grupper i samfunnet med 12 000 kroner per årsverk. Det er eit viktig skritt i riktig retning, men eg er usikker på om det er tilstrekkeleg til at regjeringa når sitt eget mål om auka matproduksjon, sier Karlsvik.

Det var onsdag det vart enighet om ei ny jordbruksavtale mellom organisasjonane og staten. Karlsvik seier Møre og Romsdal Bondelag hadde håpa på ein betre avtale. Han tolkar likevel avtalen som eit skritt i riktig retning.

Kursendring

- Avtalen markerer ei kursendring ved at inntektsgapet til andre grupper blir redusert. Vi har fått 65 prosent av kravet vårt innfridd og det er det beste forhandlingsresultatet sidan 1999. Vi trur at bruddet i fjor bana veg for dette. Bondelaget har fått gjennomslag for sine to hovedprioriteringar som er korn og storfe. Kornbøndene får eit inntektsløft på drøyt kr 50 000 per årsverk. På storfe, som det produseres for lite av i Norge i dag, har vi fått eit nytt kvalitetstilskudd som vil auke produksjonen og kvaliteten.

- Gjennom avtalen har vi fått gjennomslag for auka  prisar på produkta våre, men mindre på overføringar over statsbudsjettet. Dette gjer det vanskelegare å utjevne forskjellene mellom store og små bruk. Avtalen premierer difor mest dei største bruka.

Karslvik karakteriserer avtalen som viktig for norsk matproduksjon fordi ei barriere er brote når bønder får sterkare inntekstvekst enn andre grupper.

- Vi vonar og trur dette er starten på ei kursendring i landbrukspolitikken. Skal den norske matproduksjonen aukast, treng vi fleire slike avtalar, avsluttar Karlsvik.

- Glad for avtale

Stortingsrepresentant Jenny Klinge seier ho er veldig glad for at det vart ein avtale i år.

- Det er bra at avtalen aukar inntektsmoglegheitene til bøndene såpass mykje at det bidreg til å tette noko av gapet i forhold til inntektene til andre yrkesgrupper.

Framtida vår heng i høgste grad saman med framtida til landbruket og matproduksjonen i landet vårt. Mat må vi ha, og det må også andre i alle delar av verda. Derfor er det viktig med høgast mogleg nasjonal matproduksjon.

Vi i Senterpartiet er opptekne av å sikre rein og trygg mat. Det er opplagt at bøndene i fylket vårt må få betre løn for den viktige jobben dei gjer for å forsyne oss andre med mat. Landbruksavtalen i år er eit viktig skritt i rett retning, fordi han i praksis inneber at bøndene aukar inntektsmoglegheitene sine meir enn andre grupper rekna i kroner og øre.

Det er også viktig å merke seg at resultatet i avtalen ikkje inneber nokon særleg prisauke for hushaldningane. 125 kroner i høgare matutgifter per person i året er ikkje til å få bakoversveis av.