Eit år er til ende. Mange minne samlar seg – blant dei også mange sakn. Eg kjenner på takknemlege tankar om Asbjørn Flaa, som døde i haust, 92 år gammal.

Med sitt vennlege, stillfarande og oppofrande vesen vann Asbjørn seg mange venner. Eg skriv minneordet på vegner av fleire.

Han vaks opp saman med seks brør hos mor Alma og far Rasmus i Hasselvika. Faren var ein profilert forkynnar i Santalmisjonen. Kristent engasjement prega familien - ikkje minst Asbjørn.

Etter skulegang var han eit år i Tysklands-brigaden. Og det seier mykje om hans vesen at han knytte vennskap også der. - No var jo ikkje tyskerane våre fiendar, som han sa.

Seinare kom han til Kristiansund - først som servicemann på Esso, seinare som bankfunksjonær. Mange i byen vil enno hugse han, ikkje minst som føregangsmann i Indremisjonens ungdomsarbeid på Bedehuset.

På 1960-talet møtte han Gunvor Ørsal, og Asbjørn fekk stilling i Stangvik Sparebank på Kvanne. Dei gifta seg i 1971 og fekk sønnen Knut Rune året etter. Både tidlegare og i dei neste 50 åra var heimen Åsly eit senter i det lokale misjonsarbeidet. Ekteparet Flaa var også leiarkrefter i aktivitetene på Kvanne og seinare på Eidet bedehus.

Som fagmann innan økonomi var Asbjørn ein dyktig kasserar både for misjonen og for Stangvik sokneråd. Kona Gunvor sa at han også var «verdens beste loddseljar» til gode formål! Under finansieringa av nytt kyrkjeorgel rundt 1980 utførte han eit stor oppgåve.

Asbjørn Flaa var stillfarande av vesen og gjorde mykje godt utan å framheve seg sjølv. Så å seie «forut for si tid» tok han tak for våre nye landsmenn. Han kontakta flyktingar på asylmottaket i Surnadal, opna heimen Åsly for dei og sørga for skyss så dei kunne delta i samlingar i kyrkje, på bedehus og andre stader.

Det vart eit merkbart tomrom etter Asbjørn Flaa. Vi er mange som saknar han og som samtidig minnest han med takk for hans gode gjerning.

Bernt G. Bøe