Foto: Bjørn Ølander

Prestegarden opnar for sesongen på søndag , og vil vere open for publikum alle dagar fram til 21. august.

- Etter storstilt ombygging av fjøsen, Bjørnsonår, kongebesøk og rekordmange gjestar i fjor er vi litt spente på kva normaldrift vil vere, seier Bjørn Ølander, tilsett som formidlar på prestegarden .

Det er ikkje lagt opp til dei store arrangementa i år, men førstkommande onsdag er det konsert i samarbeid med Sunndal kulturfestival; SKRULT skal spele på utescena og Nessets eigen Kristian Frisvoll skal vere med å varme opp publikum.

- Konserten blir inne viss det er stygt vær, seier Frisvoll.