Familien på fire med mor Kirsti, far Tore og ungane Ildri (4) og Lars (2) rår så langt grunnen åleine i Seljebrekka bustadfelt. Men første naboen flyttar inn på nyåret og enda to tomter er selt.

Kirsti og Tore ønsker seg enda fleire naboar, og ser fram til at leikeplassen blir opparbeidd til våren, og særleg til at den fyllest opp med ungar frå nybygde hus i feltet.

– Det har blitt nokre turar til Seljebrekka før vi enda opp på denne tomta, fortel Tore Heggem.

Det vart trekning om tomtene for dei tre første kjøparane, og tomta dei fekk, vart ikkje førstevalet.

– Men no når huset står ferdig og vi ser kor flott utsikt vi har, over Ora og Trollheimen i sør, Rindal sentrum og med Skåkleiva og Løfaldfjella mot nord, tykkjer vi eigentleg at huset står på ei heilt perfekt tomt, seier Heggem.

Han er ingeniør, tilsett som hytteteiknar ved Rindalshytter, og har vore arkitekt for eige hus - med ei inspirasjonskjelde i nybygget på Rindal skimuseum.

– Jau, eg har heile vegen tykt at Rindal skimuseum har vorte det flottaste bygget i Rindal, seier han.

Berre lokale handverkarar

Og når ein teiknar huset sjølv, har ein òg mulegheit for å senke seg ned i badekaret og nyte utsikta mot barndomsheimen Nygarden med Skåkleiva i bakgrunnen.

– Det har elles vore viktig for oss å bruke lokale handverkarar i alle deler av prosessen – frå Lars Langli på grunnmur til Merbygg AS i sjølve bygget med material frå Rindalshytter og Bygger'n Rindal og til lokale elektrikarar, målarar og røyrleggarar. Vi er utruleg fornøgd med alle dei utførande i prosjektet, både når det gjeld handverk og kommunikasjon gjennom heile byggeprosessen, seier han.

Familien har invitert Geir Ove Lo frå Merbygg på førjulstreff i samband med at Driva kjem på besøk.

Medarbeidarane i Merbygg kjem stort sett frå Rindalsskogen, der dei fleste har hausta solid erfaring som tømrarar ved Rindalshytter.

Elles har bror til Kirsti, Henrik Grytbakk, levert og sett opp ventilasjonssystemet, og Tore fekk hjelp av brørne Trond og Lars Ole til oppføring av garasje. Dei ofra sommarferien til arbeidet.

I tillegg har besteforeldre og venner våre gode og nødvendige hjelparar - og barnepassarar - på vegen mot husdraumen.

Jula skal feirast i nytt hus

– Kirsti og eg vart fort einige om planløysingane, og eg må seie det har vore noko av ein draum å få teikne sitt eige hus, seier Heggem.

Huset er bygd i to etasjar med ei grunnflate på 125 kvadratmeter – altså med eit bruksareal på 250 kvadratmeter totalt.

Når familiar bygger hus, er det gjerne eit mål om å kome inn til jul. Dei aller fleste feilbereknar dette, men ikkje denne familien.

Denne julekvelden skal feirast i nybygd hus i det nyaste bustadfeltet i Rindal.

I det nye kjøkenet frå IKEA skal det tilberedast pinnekjøt og kålrotstappe.

– Vi er oppvaksne med lutefisk på julaftan både eg og Kirsti, men i år blir det altså pinnekjøt, fortel Tore.

Prosessen med å opparbeide bustadfelt i Seljebrekka har pågått lenge.

Fine tomter vidare mot aust

I august 2016 hadde vi sak i Driva med ordførar Ola Heggem og plansjef Sivert Dombu oppe på feltet. Det høyrer vel med til historia at Tore Heggem er son til ordføraren, utan at det har hatt noko med tomteval og husbygging å gjere.

Ordføraren tenkte då tilbake i prosessen då planane gjekk meir på å bygge ut Glennhaugen først, for så å bygge seg vestover mot Seljebrekka.

Populariteten til Seljebrekka som bustadfelt er såpass stor at det har gått litt andre vegen, men ordføraren gjorde merksam på at det er attraktive tomter heile vegen vidare mot aust.

Plansjef Sivert Dombu kommenterte at ungdom som går med planar om å flytte heim att til Rindal, har omtala Seljebrekka som ein attraktiv stad for husbygging.

Ei jul med glede og sakn

Området er skild ut frå prestegarden, og berggrunn med eit skrint jordlag er nok årsaka til at det ikkje har vore dyrka her.

Men for husbygging er solid grunn med berg i botnen midt i blinken.

– Det er eit skår i gleda at mor ikkje fekk sjå dette. Saman med Kirsti og meg er vel ho den som har gledd seg mest til å sjå huset ferdig, seier Tore.

Mor Lillian måtte gje tapt for kreftsjukdom tidlegare i år, og heile familien vil nok kjenne på saknet denne jula.

For Kirsti sin del, blir det ikkje berre fri i jula. Ho jobbar som jordmor ved fødeavdelinga på St. Olavs Hospital i tillegg til at ho er kommunejordmor i Rindal. Frå 18. desember begynte ho som jordmor i beredskap for Surnadal og Rindal. Dette inneber at det blir døgnvakter heime i nyhuset og nattvakter på føden i jula.