I april  2015 er det 3 479 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,5 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 18,1  prosent frå same månad i fjor.

I april 2015 har vi 666 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 106 færre enn i april 2014. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 145 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 2,9 prosent for menn.

I landet er det 81 569 heilt ledige. Dette er 3,0 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 9,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Mykje av skulda for høgare arbeidslause i april er fallet i oljeprisar. Dette gjev ringverknader offshore i mange bedrifter på land, og mange vert oppsagde.