Denne veka blei norsktentamen ved ungdomsskulane i Ålesund flytta. Årsaka var at Justin Bieber skal halde konsertar i Oslo same dag som den opphavlege tentamensdatoen.
Då stortingsrepresentant Harald Nesvik (Frp), såg oppslaget i media trudde han at nokon hadde bomma på datoen for aprilsnarr.
– Eg tenkte at 1. april var jo på måndag, og ikkje på tysdag. Eg blir heilt oppgitt. Dette gir ein signaleffekt opp i mot skulevesen og elevane om kva som er viktig, seier Nesvik til NRK Møre og Romsdal.
Media har tatt tak i saken, og til og med USA med CNN har fatta interesse for ungdomsskulane i Ålesund si avgjer.
– Dette går ikkje an. No ser vi at heile verda gjer oss til latter, seier Nesvik.