Ordførarane i Rindal og Surnadal har sendt brev til Direktoratet for naturforvaltning (DN) om ekstraordinært uttak av jerv i Trollheimen.
I brevet skriv dei at det har vore registrert stor aktivitet av jerv fleire stader i Trollheimen i vinter. Eit område dei spesielt nemner er vestsida av Vindøladalen.
"Ved Seterfjellet ligg det seks døde kjøttfe, som omkom hausten 2012, noko som har bidrege til ekstra stor aktivitet i dette området. Dette kan stadfestast av grunneigarar og lokalkjente i området".
SNO har også fått rapport og bilde frå ein privatperson, om mogleg jervehi i dette området (rett vest for Vassdalen).
I gjeldande forvaltningsplan for store rovdyr - region 6- er Trollheimen halde utanfor yngleområde for jerv, skriv Ola T. Heggem og Mons Otnes.
Dei skriv at det under lisensjakta vart felt kun to jerv i Møre og Romsdal, av ei totalkvote på åtte dyr.
- Vi er redd dette låge uttaket siste lisensjaktperiode kan gi auka press på beitenæringa i sommar/haust. Det vil derfor vere viktig å vurdere ekstraordinært uttak no i vår, skriv Otnes og Heggem.
Dei tek med at data frå det nasjonale overvåkingsprogrammet for rovvilt viser at bestandsstatus for jerv ligg godt over fastsett bestandsmål, som er på 39 årlege ynglingar. "Bestandsstatus for jerv i 2012 var på 68 ynglekull, av disse vart 17 ungekull tatt ut ved hiuttak. Det gir ein status på 51 ynglingar, det vil seie 12 ynglingar over bestandsmålet".