Selbuwhist-turneringa var den første i sitt slag i Stangvik, men etter suksessen å døme blir det slett ikkje siste gongen.

Rundt 50 stangvikgardingar og stangvikelskande utanbygdingar møtte opp i Bondehuset for å spele kort, og dei hugsa alle å ta med seg godt humør. Kortspelet Selbuwhist, eller Selvbevisst, som det vart kalla, går ut på ta akkurat så mange stikk ein har bydd. Får ein fleire eller færre stikk enn ein har bydd, blir det ikkje poeng.

Det vart spela i grupper på fem og fem, vaksne og born, heldige og uheldige, byfolk og bygdefolk blanda. I den fyrste runden vart det spela 20 omgangar, og to med mest poeng frå kvart bord gjekk vidare til semifinalen. Der spela dei beste frå dei ti borda om finaleplass, medan dei resterande taparane spela om ein lucky loser-plass i finalen (den med høgst poengsum samanlagt kom vidare).

Det vart felt nokre tårar, både bitre og søte, det vart banna og det vart bedd. Men til slutt var dei fem igjen: byguten Jonas Askelund, stangvikgardingen og politikaren Jonny Melkild, surnadalingen Lasse Moen, den stangvikelskande surnadalingen Ola Helgetun og bygdeorginalen frå Stangvik, Svein Sæter.

Pessimist

Lufta vart tjukk med spenning då finalen vart sparka i gong. Jonas tok stikk på stikk dei fyrste rundane, og leda suverent. Surnadalingene Helgetun og Moen, som ellers er gode naboar, kniva jamt dei fyrste rundane. Favoritten Melkild, som imponerte i dei innleiande rundane, kom skeivt ut. Sæter la seg midt på treet.

Dei aller fleste samla seg rundt finalebordet, men det var nokon som hadde betre ting å ta for seg. Even Moen, son til finalist Lasse, hadde ikkje trua på far sin, og tykte Donald Duck baud på meir spaning enn selvbevisst kortspel.

–Eg trur ikkje han kjem til å vinne, slo Even fast.

Mor til Even, Åshild Moen, var litt meir optimistisk:

–Nåja, eg veit ikkje om han kjem til å vinne, men om han gjer det hadde det vore stas om førstepremien var eit spa-opphald.

Trøndersk tapar

Den høge stemninga til tross, for ein person vart ikkje kvelden slik han hadde tenkt. Martin Borgersen frå Trondheim gjorde det desidert dårligast av alle, i dei innleiande rundane makta ikkje påsketuristen å få meir enn knappe 30 poeng – til saman.

–Det er så klart ikkje noko artig å hamne sist, men eg må innrømme at det var venta – eg var dårlegast på treninga før turneringa også, seier den skuffa trønderen.

Men noko hadde Martin å glede seg over;

–Ja, kompisen min Jonas er med i finalen. Det er jo stas, og eg er glad på hans vegne.

Gjev pris

Midt ut i spelet, rundt sjette runde, etter nokre utruleg gode rundar, sprekk det for finalist Jonas, og Ola Helgetun tek ei knapp leiing. Stangvikdelegasjonen, Svein Sæter og Jonny Melkild, har slått røter i baktroppen. Rekneskapen går ikkje opp for økonomen Melkild.

Dei siste seks rundane knivast det mellom by og land, Trondheim og Surnadal. Askelund og Helgetun ligg og pustar kvarandre i nakken. Først i aller siste runde kan Helgetun slå det avgjerande kortet i bordet, og by må bøye seg for land. Turneringa er over, og Selvbevisst- adjutanten Anders Askelund overrekker dei flotte premiane; ei lue, ei penn, eit brettspel og ein diplom. Diplom og applaus fekk også Anton Georg Nes, initiativtakar og stangvikgarding.

Resultatet frå finalen: Helgetun: 108 poeng, Askelund: 98, Moen: 76, Sæter: 54 og Melkild: 50.

Ola Helgetun var godt fornøgd med seieren:

-Ja, ta her var stas. Kortkvelden var utruleg godt arrangert, og er håpar at det blir gjentatt. Det er også utruleg godt å vere på toppen, det skjer ikkje så ofte!

Vinnarlua varmar nok også godt om det skulle blåse litt på toppen:

–Kanskje lua blir vandrepremie! Seier Ola.

For Jonas Askelund endte ikkje kvelden heilt slik han håpa:

–Det er utruleg surt og sårt å tape, det kjem til å ta tid å kome over, seier den skuffa byguten.

Han legg seg umiddelbart i trening, og lovar å komme sterkare tilbake neste år.