Styreleiar i laget Vårsøg, Patrick Reurink, opna med å fortelje litt om Vårsøgheløga og arrangementa som er att.

- Vårsøghelga har eit vidt spekter, ifølge kunstnerisk leiar, Henning Sommerro, har vi alt fra trallalla til pling-plong. Det at både pinsa, Vårsøghelga og 17. mai fell saman, gjer at det blir ei fantastisk feiring av nasjonaldagen og at dette blir ei heilt topp helg. Alt ligg til rette for ei våryr, vakker og variert Vårsøghelg, seier Reurink.

Oddvar Torsheim er årets Vårsøgkunstnar, og i kveld sto kunsten hans i sentrum da Vårsøghelga vart offisielt opna i foajeen i Surnadal kulturhus.

Tusenkunstnar og kultfigur

Torsheim beherskar både bildekunst og musikk. Han latterleggjer fordommar og vanetenking med surrealistisk fantasi, og samfunnskritisk tendens ved hjelp av ei rekkje teknikkar. Torsheim har og gjeve ut diktsamlingar med eigne illustrasjonar.  Han er representert i Museet for samtidskunst i Oslo, og han har lenge vore ønska til Vårsøghelga.

Sjølv meldte kunstnaren avbud på kort varsel, men dei frammøtte fekk likevel sjå og høyra han gjennom musikk og bilete, da "Nynorskens skog" vart vist på lerret i foajeen, før utstillinga i Finstuå vart opna.

- Torsheim er ein tusenkunstnar og det ein nok kan kalle for ein kultfigur, og vi er veldig glade for å få stille ut bilda hans, seier leiar i Surnadal  kunstforening, Marit Elin Eid.

Frode Haltli framførte Arne Nordheims «Flashing» under opninga i foajeen. Seinare var det duka for meir musikk og kultur, da ikkje mindre enn fem nye plater vart lansert med ein stor åpningskonsert i Storstuå; Ørasus i regi av Øra Fonogram.

Fram mot konserten kosa folk seg med kaffe og kake, vel vitande om at Vårsøghelga nett har starta, og at det er meir enn 20 arrangement igjen i løpet av helga.

Stor konsert, men lite folk

Sjølv om det ikkje vart det heilt store oppmøtet til Ørasus-konserten, så storkosa dei seg i alle fall dei som var der.

Av dei lokale artistane som slapp cd-plate denne kvelden var det berre Ingebjørg Loe Bjørnstad og Helge Gravvold som var til stades. Henning Sommerro var sjuk, så gruppa Vårsøg glimra med sitt fråvær.

Mattis Kleppen, frå Telemark, lanserte og den nye plata si, og som om ikkje dette var nok, var Hans Bollandsås og Heidi Skjerve med og gjorde sitt til at konsertkvelden vart særs god for dei som satt i salen. Bollandsås og Skjerve har og sleppt plater nyleg, så det var rykande fersk musikk over hele fjøla.

Tullkattesnutene, med Kirsti Huke og Siri Gjære kom og med  ny plate i dag, og dei hadde barne-/familieforestilling i Svorkasalen tidlegare på dagen, og satt difor i salen under konserten.

- Det er ei ekslusiv forsamling, det er nok litt fleire som er heime i godværet og rakar i hagen enn det vi trudde, smilte Jostein Ansnes i Øra Fonogram, da han før konserten skua utover dei 50-60 i salen. Ansnes og resten av kompaniet fekk likevel til ein veldig god konsertopplevelse for dei som valde konsert framfor plenraking.

Etterpå var det platesalg og signering i foajeen, og det var altså berre Vårsøg-cd'n som ikkje kunne signerast denne flotte opningskvelden i Vårsøghelga.