(Todalen.no) Bjørgulf Øyen har etterkvart nærare 40 år etter vegane. No sist som skulebussjåfør i 18 år, med tidlegrute frå Todalen til Surnadal vidaregåande, og så vidare til Årnes/Hamnes som ordinær skulebuss for barne- og ungdomstrinnet.
Dette skriv todalen.no på si heimeside.
Han starta busskarrieren i Trondheim i 2002, men før det var han trailersjåfør for KØFF/ICA i Trondheim i mange år. Men aller først vart det 7 år på Talgø, før det bar til trønderhovudstaden og kjørejobb.
– Må innrømme at det er litt vemodig å slutte, for eg har trivdes og gledd meg til å gå på jobb kvar dag. Men ved fylte 70 er det slutt på fast kjøreplan. I første omgang skal eg ha ein lang og god juleferie. Sjølv om eg er pensjonist kan det nok hende at eg kan stille som tilkallingsvikar ein og anna dagen. Elles trur eg det skal bli ei råd med å finne på eit eller anna å trøye av dagane med, og likar godt å pusle med eit eller anna her heime.