Helse Møre og Romsdal HF og kommunane Molde, Gjemnes og Kristiansund har etablert felles administrativ plangruppe for kommunedelplan. Arbeidsgruppa skal samordne planlegging av aktuelle tomtealternativ for nytt akuttsjukehus i Nordmøre og Romsdal.

- Helse Møre og Romsdal har invitert dei tre kommunane til å kome med sine prioriterte framlegg til sjukehustomt som støttar dei krava helseføretaket har stilt til tomt, seier strategi- og utviklingssjef Espen Remme i ei pressemelding. Kvar av dei tre kommunane vil gjennomføre ein kommunedelplanprosess for "sitt" tomtealternativ, men planarbeidet blir samordna i den felles administrative plangruppa som no er oppretta.

- Hovudoppgåva til denne plangruppa er å syte for ein praktisk og administrativ samordning av kommunedelplanarbeidet. Gruppa er ikkje ei vedtaksgruppe, men ein møteplass for sakshandsamarar hos respektive partar, der ein kan avklare spørsmål mellom kommunane og helseføretaket. Vi håper at det vil lette arbeidet for kommunane slik at vi får god felles framdrift og samanliknbare alternativ til slutt, seier Johnny Loen som er plansamordnar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kommunane vil arbeide med ulike alternativ, men Helse Møre og Romsdal HF ber kommunane presentere sitt prioriterte alternativ ved fullendt kommunal sakshandsaming.