På søndag var det slutt på årets laksesesong i Søya. Ein kan fortsatt fiske i elva, men ein må no sette uti laksen igjen, sjøauren kan ein fortsatt ta med heim.

Laksefiskarane kan melde om ein kjempesesong med mykje fin og stor fisk. Blant dei som fekk fin fisk i elva i år var Einar Sæter Myren (9) frå Sunndalsøra.

-Eg tok min aller første laks i år! seier ein mildt sagt glad laksefiskar. Svelen var på knappe 1,5 kilo. Det er verdt å nemne at Einar drog opp laksen heilt utan hjelp, sjølv om to erfarne laksefiskarar sto like ved.

-Når eg blir stor vil eg bli laksefiskar på heiltid, legg den unge fiskaren til.

John Gjerstad (86) frå Kvanne er også ein lidenskapeleg søyafiskar. Han kjem frå ein gard like ved elva, og har fiska sia han var ein gutunge.

-Eg veit ikkje kor mange laksar eg har fått, men det har no vorte ein del opp gjennom åra, og den største eg har fått i Søya var på vel 10 kilo.

Gjerstad satte punktum for årets sesong med ein fin svel på 2,8 kilo.