ROT: Varm applaus for ei rørande og annleis forestilling med røter som tema. Ingebjørg Loe Bjørnstad og Marit Loe Bjørnstad skal også til Bergen og Stord med forestillinga. Foto: Rita Aarnes

Ingebjørg og Marit med etternamn Loe Bjørnstad fekk fram tårene hos mange i den fullsette salen med si sterkt personlege framsyning ROT laurdag kveld.

Med både foreldre og anna familie blant publikum, formidla songaren Ingebjørg og dansaren Marit prosessen med å flytte frå Surnadal etter å ha hatt barndomsåra sine her.

Dei store og vanskelege kjenslene knytt til å "rive opp rota" vart skildra gjennom vokal/song og dans, i eit stykke som heilt og fullt er deira eige prosjekt. ROT vart urframført på Kallastuå i fjor sommar.

Søstrene har laga ei forestilling som tydeleg greip fleire av tilhøyrarane, fordi dei formidla både sorg, raseri og sakn på eit intenst, fysisk, vakkert og utfordrande vis:

Dette å sakne vener ein flyttar frå, å starte på nytt ein heil annan stad, det å knote på fleire dialekter, det å alltid kjenne dragning mot alvorlege og "dryge" ting seinare i livet. Alt dette og meire til kunne nok mange i salen, som har opplevd liknande endringar i sine liv, kjenne seg att i, og bli gripne av.

ROT har vorte ei truverdig, modig, utfordrande og vakker forestilling, levert av to profesjonelle aktørar innan song og dans. Og som framleis kjenner på sterke band og kjærleik til den første heimbygda si Surnadal - om vi no tolka dei rett...