Kjell Sæther har laga mellom 150 - 200 fuglekassar i ulike variantar til årets hekkesesong. Her står han med ein ferdig kasse mynta på Spurveugle som snart skal hengast opp. Foto: Edvin Sættem Nessæther

Kjell (62) har laga bortimot 1000 fuglekassar dei siste åra: – Det er håp i hengande kasse

Kjell Sæther (62) frå Valsøyfjord i Heim kommune er hobbyornitolog og har snekra ein heil bråta med fuglekassar sidan ungdomsskulen. Han er vekas fredagsgjest.