At todalingane startar feiringa med biltog har tradisjonar heilt attende til 1950-talet, da dei første bilane kom etter krigen. Dei første åra var nok deltakartalet einsifra, men dette har vore ein populær tradisjon og i årets biltog var det eit 60-tals deltakarar.
Det var start ved Halsbua, og turen gikk oppover bygda til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Der var det ein kort pause før biltoget fortsette nedover att til Todalen ungdomshus, der idrettslaget inviterte alle sambygdingar til frukost etterpå.
I årets biltog var det mange artige innslag, og finpynta bilar – pynta med nyutsprunge bjørkelauv og sjølvsagt var det mange flagg å sjå på ein slik dag. Mest oppfinnsam var nok Lars Kvendset, som stilla med si nysnekra "vømmølbu". Her var det både elektronisk og levande musikk - vømmølmusikk i stereoanlegget, og ekte trekspelmusikk. Ein liten minikonsert vart det også tid til, - der brorsonen Hallvard sørgja for underhaldning under pausen på Gammelfabrikken. Russen var også på plass - to russebilar stilla på startstreken og vart med på runden rundt bygda.