Tysdag går konfirmantar og andre gardtales også i bygdene våre.

Innsamlarane frå Surnadal, Stangvik, Todalen og Åsskard var fredag samla til pep-talk og informasjon. Diakon Gro Hauge Venås, sokneprest Vidar Rygh og trusopplærar Elsa Jensvold sette fasteaksjonen i perspektiv – mellom anna med informative videoglimt og talande statistikk.

Vatn – og anna hjelpearbeid

Årets KN-motto er «Håp i ein drope vatn». Nesten 800 millionar manglar tilgang til reint vatn. Men «håpet» er der: Eksempelvis skaffa fasteaksjonen i 2014 midlar til boring og vassforsyning for eit 6-sifra tal afrikanarar. Det nyttar!

Sjølv om vatn er i fokus, understrekar KN at innsamla midlar blir bruka på alle dei kritiske satsingsområda der organisasjonen arbeider – likestilling, skulegang, landbruksutvikling, fredsarbeid og levestandard. Dei siste åra har talet på fattige i verda gått sterkt ned.

Åleine yter Kirkens Nødhjelp innsats i 30 land.Tilknytta ACTA-alliansen når ein ut til 150 land. Eit godt sambandsnett gjer KN svært effektiv – alt dagen etter jordskjelvet i februar var nødsarbeidarar på plass i Syria.

Dør-til-dør tysdag

Tysdag 28. mars har sokna dør-til-dør-aksjon i bygdene våre. Konfirmantar og andre (alle med id-bevis) kjem med plomberte bøsser og informasjon. Gåver kan gjevast kontant eller via vipps (2426). Alt blir registrert på vedkomande sokn.

Under fasteaksjonen i fjor vart det i Surnadal innsamla 121.516 kr til Kirkens Nødhjelp. Det tilsvarar permanent rein vassforsyning til eit halv tusen menneske.

Konfirmantane som var samla på fredagens informasjonsmøte, vil aller helst sette ny rekord komande tysdag og er spente på om det lykkast.

Det er først og fremst avhengig av gjevarvilja hos kvar og ein som får bøsseberarane på besøk!