INSPIRERTE: Winnie Atenio (t.v.) og Ingrid Holmedahl (t.h.) inspirerte konfirmantane Stine Fiske (med bøssa), Marta Kvendset og Linn Elise Sæther Gravvold til innsats for Kirkens Nødhjelp. (Foto Sigfred Gravvold)

- Den store forsamlinga fekk ei sterk oppleving av konkret nødhjelpsinnsats, seier diakon Kirsti Hjørnevik, leiar for fasteinnsamlinga i Surnadal.

– Gjennom film og eigne foto gjorde dei fattigdommen og urettferda synleg og – dessverre – veldig aktuell!

Programmet gav innblikk i urettferdig ressursfordeling – der produsenten i den 3. verda sit att med veldig lite når alle aktørar på vegen fram til kundedisken har tatt sitt. Nærgåande søkelys vart også sett på rikfolks usolidariske flukt til billege skatteparadis.

Men synlege resultat av nye, rimelege mikrolån-ordingar som hjelper fattige til sjølvhjelp, gav grunn til optimisme og pågangsmot.

Ingrid Holmedal sine eigne foto frå teamopphald på Filippinane gjorde inntrykk på alle i salen. Ingen tvil om at kvelden vart til sterk inspirasjon, både for dei vaksne og for konfirmantane frå Todalen, Stangvik, Åsskard, Ranes, Øye og Mo - som møtte fram bortimot fulltalig.

Saman med 40 000 andre deltek dei når fastegåvene til Kirkens Nødhjelp blir samla inn over heile landet tysdag 27. mars.

............

<