STINN BRAKKE: Fullt hus vart det òg på Gulla Gaard, med meir enn 200 gjestar samla til musikk, opera, portvin og laks. Her vartar Eistein Bæverfjord og Jon Faukstad opp med stemningsskapande trekkspeltonar på troppa. Foto: Mette Sæter Ormset

Søndag kveld kunne eit begeistra publikum gå inn for landing etter avslutningskonserten med TrondheimSolistane på kulturhuset.

Og med det internasjonalt kjende kammerorkesteret og kapellmester Anders Larsen, samt søskenbarn og solistar Gjermund og Einar Olav Larsen på scena, vart det sett punktum med eit retteleg stjernelag.

- No bli det ei retteleg "Larsen-orgie", sa Anders Larsen til surndalspublikummet, som introduksjon til dei to andre fiolinistane. - Som vi kan leggje til er blant dei mest kjende og dyktige folkemusikarane vi har her i landet.

Saman med trekkspelvirtuos Jon Faukstad, leverte dei ein konsert som garantert vil sitte lenge i minnet hos dei rundt 200 som opplevde den. Vi trur ikkje vi tek for hardt i når vi seier at dette må vere det beste som har vore presentert i Storstuå på lang tid.

Naturlegvis var Henning Sommerro ein sving oppom scena han med, for å introdusere Faukstad og sin eigen komposisjon for akkordion/trekkspel og strykeorkester.

- Dette er ein hyllest til eit instrument som nok ikkje har vore så høgt akta, og til dei som er heldt for å vere dei fem store på dette instrumentet, historisk sett, sa Sommerro.

Etter ståande applaus og ekstranummer til orkester og solistar, oppsummerte ein storfornøgd styreleiar Leif Frønes helga og takka for laget for i år.

- Eg lova dykk eit bra publikum, og det har de sanneleg hatt i kveld, sa Frønes, og takka for konserten. Ordførar Mons Otnes hadde nok òg mange med seg når han takka for ei stor musikalsk oppleving med stjernelaget frå Trøndelag.

Ute i foajeen på kulturhuset svirra superlativa i lufta, etter ei Vårsøghelg som utvilsamt må vere blant dei aller beste vi har hatt. Det har vel vore sagt tidlegare år òg, men i år trur vi fakisk at det stemmer!

- Artistar og publikum kjem med fine tilbakemeldingar på arrangement og opphald. Det set vi stor pris på, seier dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset søndag kveld.