Foto: Landbruksdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har øyremerka 10 millionar kroner over ein 5-årsperiode (frå 2006-2010) til gjennomføring av eit stølsprosjekt i Oppland, Hedmark og Møre og Romsdal.

Midla skal fremme støling som kulturberar, reiselivsprodukt og merkevare for å styrke næringsgrunnlag, sysselsetjing og bumiljø.

Midla skal gå til tiltak for å styrke gardar med aktiv stølsdrift og for å leggje til rette for næringsutvikling i samband med støling.

Søknadar som omfattar stølar som vert rørt av utvidinga av Ormtjernkampen nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde blir prioritert.