41 deltakarar trossa regnbygene og tåka søndag føremiddag og stilte på strartstreken til Trollheimsmarsjen, som gikk frå Bordholmen stadion i Todalen til Leikvoll stadion på Ålvundeid.

Årets trollheimsmarsj er det 7. i rekkja sia den vart arrangert første gong i 2008 i samband med 100-årsjubilea til I.L. Ulvungen og Todalen I.L. .

To gonger er marsjen avlyst på grunn av dårleg vær – i 2010 og 2014. Deltakarrekorden frå 2008 med 210 deltakarar står enno, og var heller ikke trua i år.

Sjølv om det var nokre regnbyger frå starten, så letta veret utover dagen og det vart etter kvart ganske fint å gå og folk kunne kose den siste delen av turen. Det var sågar enkelte som fann fram blåbærspannet og sikra seg nokre blåbær på turen, før dei tok turen ned Børsetlia og til målgang på Leikvoll.

Det var nok knytta litt spenning til deltakarpremiane som vart fordelt ved loddtrekkjing. Den heldige vinnaren av hovudgivinsten vart Knut Bergli som fikk gåvekort på kr 1000 og dei to andre gåvekorta vart Roar Helge Halle og Steinar Frøystad som vann.

På turen over fjellet var det og trollheimsQuiz – her var det ingen som hadde fullt hus med 10 rette, men 3 hadde 9 rette og fikk kvar sin premie. Det var Tonje Kvendbø, Sissel Almberg og Odd Helge Innerdal.