I ktiteria for tildelinga heiter det:

"Randi Lysø har i fleire tiår (sidan rundt 1980) vore  ei drivande kraft i husflidsarbeidet i Surnadal. Det kan trygt seiast at Randi Lysø er ei dame som ikkje brillierer med innsatsen ho gjer og kunnskapane ho har. Men ho har vore og er ei svært solid dame som har gjort ein trufast og stor innsats  på eit tradisjonelt kvinnedominert område - men som er svært viktig for oss alle.

Surnadal Husflidslag er eit av dei største og mest aktive husflidslaga i fylket, med jamnt over 100 medlemmar, og stor aktivitet både for barn og vaksne.  Laget ivaretar kunnskap om tradisjonelle husflidsteknikkar og –produkt, og arbeider aktivt for at kunnskapen skal leve vidare inn i framtida. Laget held årleg ei rekke kurs, t.d. når det gjeld strikking, saum, veving og skinnfellarbeid, og i lokale sine på Nymoen arrangerer husflidslaget   vår og haust arbeidsstove for barn. Årvisst blir det og arrangert messer, husflidsdagar og liknande.

Randi Lysø har i svært mange år vore styreleiar i laget, og slik sett vore ein nøkkelperson som pådrivar og organisator. I tillegg har ho vore mykje brukt som fagleg ressursperson, som kurshaldar og inspirator.  Den faglege kunnskapen hennar har og kome til uttrykk m.a. i boka ”Nordmørssaum; i ny og gammal drakt”, der Randi Lysø i 2010 var medredaktør."

Hjelmkonnå fikk 8.500 kroner fra Kleivafondet.