16,2 milliardar kroner ønskjer regjeringa å bruke til skredsikring på riks- og fylkesvegane dei neste ti åra. Midlane er fordelte med 8,7 milliardar kroner til skredsikring på riksvegane, medan 7,5 milliardar kroner er sette av som statlege tilskot på fylkesvegane. Oppdølstunnelen er eit av prosjekta i Møre og Romsdal.
Aldri har det vore brukt så mykje pengar til skredsikring av norske vegar. I perioden 2014 – 2023 er det lagt opp til utbetring av om lag 80 skredutsette punkt og strekningar på riksvegnettet. Regjeringa meiner sikring av skredutsette område viktig for å oppretthalde spreidd busetnad og sikre at personar og gods kan komme fram på ein effektiv og føreseieleg måte. Og for dei mange som må reise langs skredutsette vegar til arbeid og skule er sikringstiltaka også med på gjere kvardagen lettare og tryggare
– For nokre år sida blei vi flira av, da vi krevde ein milliard til rassikring. No kjem pengane, seier Lilly-Gunn Nyheim.
Nyheim er veldig nøgd med løyvinga. Men ho er ikkje einig med eiga regjering når dei no tar i bruk bompengar for å finansiere sikkerheita til trafikantane. Om lag 250 millionar kroner i bompengar blir teke inn til bruk i skredsikring på riksvegar.
– Rassikring bør i si heilheit vere statleg finansiert, meiner Nyheim.