Den siste tida har abonnentar merka klorlukt og kanskje også klorsmak av drikkevatnet. Dette har sin årsak i at klor reagerer med organiske stoff (humus) i vatnet og skapar produkt som gir lukt/smak, skriv kommunen på si heimeside.

Ved Fauskåa vassverk i nedre Surnadal nyttar ein to barrierar mot bakteriar og virus i drikkevatnet. Den første barrieren er UV-bestråling av vatnet, medan barriere to (sekundærbarriere) er lågdose tilsetting av klor.

Sjølv om vi no doserer så lite klor som det er rådeleg, har vi likevel denne effekten med lukt/smak. Årsaka er truleg den spesielle vinteren med barfrost og lite snø.  Dette har ført til eit relativt høgt humusinnhald i vatnet.  "Problemet" er forbigåande og vil minka etter kvart.

Kommunen tek jamnleg prøvar av alt vatn som blir levert til abonnentane og det er 100 % trygt å bruke det, sjølv om ein kjenner lukt/smak av klor.